Førdekonferansen 2012

on 22 feb 2012

Inn med publikum, ut med fordomane!

På Førdekonferansen, som vert arrangert på torsdag 5. juli, set vi fokus på publikum si samansetjing. Er samansetjinga urokkeleg? Er det berre utdanning og økonomi som avgjer om publikum kjem? Når vi nye grupper når kulturkonsumet aukar? Kan vi bryte barrierar og ønske fleire velkomne på dei kulturelle arenaene?

 

Fram til konferansen jaktar vi på dei gode historiene om publikumsutvikling. Har du eit forslag til case-presentasjon, vil festivalen gjerne høyre frå deg innan 1. april. Send ein epost. Førdekonferansen vert arrangert i samarbeid med Norsk publikumsutvikling.