Festivalkontoret

 

Festivalkontoret ligg i kjellaren i Førdehuset, og ein stor stab funksjonærar og ansvarlege handterer her billettsalg, sentralbord og publikumsinformasjon i heile festivalveka.

Inngang til festivalkontoret er rett frå parkeringsplassen ved Førdehuset. Inngangen er skilta.  Det er gjennomgang frå festivalkontoret til resten av Førdehuset. 

Billettsalg og sentralbord: Vi nyttar Billettservice sitt billettsystem og gir opplæring på dette i førekant av festivalveka, både for dei som ikkje har nytta systemet tidlegare og for dei som treng ei oppfrisking. Vakter på 3 - 4 timar.

Informasjonsskranken: Informasjon, kurspåmelding, manuelt salg av billettar til kveldsdansen i Festsalen, og salg av festivalartiklar. Vakter på 3 - 4 timar.

Konsertar utanfor hovudarena Førdehuset

Vi treng også funksjonærar til manuelt billettsalg og billettkontroll ved inngang på bortescenene våre: Restaurant Hugleik, Festivalsalen og Barthold Bar på Rica Sunnfjord Hotel; Pikant,  Førde kulturskule, Førde kyrkje, Festplassen, Tangen i Sentrum sør, Lavvo ved Førdehuset, Godsruta (buss), Hafstadfjellet, Hundsrasta på Langeland, Transplant i Dale og Rytne Gard i Bygstad. Vakter på ca 2 timar.

Funksjonæropplæring i veke 26; måndag - fredag kl 18.00 - 20.00 - som funksjonær på Festivalkontoret må ein stille til opplæring ein av desse kveldane.

Felles informasjonsmøte og utdeling av funksjonærantrekk tysdag 3. juli.

Opningstider i festivalveka

Måndag 2. juli - onsdag 4. juli kl. 09.00 - 20.00

Torsdag 5. juli - laurdag 7. juli kl. 09.00 - 24.00

Søndag 8. juli kl. 10.00 - 18.00

Kontaktinfo

Arrangementssjef
Sølvi Lien
solvi.lien (alfa) fordefestival.no
Tlf 57 72 19 40 / 57 72 19 49

Artistservice
Ingebjørg Nomeland
produsent (alfa) fordefestival.no
Tlf  57 72 19 40 / 57 72 19 48

Ansvarleg Festivalkontor
Fride H. Haugen
fride.haugen (alfa) fordefestival.no
Tlf 57 72 19 40 / 57 72 19 43

Registreringsskjema