Vigüela

Vigüela

Forløparen til flamenco: Folkemusikk frå Don Quijote sitt rike

- Songane har alltid vore ein del av kvardagen vår. Ein del av liva våre. Dei handlar om oss. Kven vi er. Vi er i songane og dei er rundt oss. Vi arbeider med songane som alltid har vore ein del av kvardagen og liva våre. Vi framfører dei på vår måte, slik vi har lært dei i landsbyen vår, El Carpio de Tajo.

Slik formidlar musikarane i Viguëla folkesongane og musikktradisjonane som dei er: Levande og fulle av glede! I 30 år har musikarane i Viguëla arbeidd for å vare på musikkulturen frå Don Quijote sitt rike. Standardiseringa og forflatinga som ofte skjer når vi tek inn meir konvensjonelle musikalske uttrykk og effektar i tradisjonsmusikken, vil dei unngå. Dei vil heller framheve dei typiske og raffinerte særtrekka med folkemusikken i heimregionen sin, Castilla-La Mancha-provinsen. Den ligg midt i Spania, landet dei store folkevandringane opp gjennom historia har gjort til ein kulturell smeltedigel. Musikktradisjonane her har til dømes tydelege spor av nord-afrikanske kulturar. Songane er rytmiske og lette, og Viguëla akkompagnerer seg sjølv på ulike gitarar, luttar, rebec og perkusjon. Her er dansen aldri langt unna! Viguëla kjem til Førde med eit heilt nytt album i bagasjen.

Helena Pérez - vokal, perkusjon, bandurria, rebec
Juan Antonio Torres - vokal, perkusjon, gitar
Mari Nieto - vokal, perkusjon
Carmen Torres - vokal, perkusjon
Pablo Garro - vokal, perkusjon, lutt, gitar

 

Vigüela sin konsert på Førdefestivalen er støtta av: 

 

 

 

 

Konsertar: 


Onsdag 6. juli 20.00 Vigüela
Blomsterhagen restaurant, Florø


Torsdag 7. juli 17.30 Vigüela
Festsalen, Førdehuset


Torsdag 7. juli 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden

 

Forrige
Forrige

Trio Madeira Brasil

Neste
Neste

VÄRTTINÄ