Nordic Sound Folk Orchestra

 

Folkemusikk i storformat

Førdefestivalen sitt største enkeltprosjekt nokon sinne; 40 folkemusikarar, 4 komponistar og 8 solistar vil utgjere ”Nordic Sound Folk Orchestra”, der oppdraget er å løfte fram solistiske tradisjonar i eit orkesterformat på folkemusikken sine premissar.

Orkesteret er sett saman av felespelarane i Gudbrandsdølenes Spelemannslag (Norge), medlemer av folkemusikkbandet Folk All-in Band (Sverige), Baltic Crossing (Finland/Danmark) og Harald Haugaard kvintett (Danmark). Solistar er Olav Luksengård Mjelva på hardingfele (Norge), Olov Johansson på nyckelharpe (Sverige) og stjernevokalistane Ulla Pirttijärvi (Sapmi/Finland), Lena Willemark (Sverige) og Berit Opheim (Norge). I tillegg vil komponistane også vere solistar i prosjektet.

På opningskonserten, torsdag 6. juli, skal Nordic Sound Folk Orchestra framføre nyskriven musikk av fire nordiske komponistar: Antti Järvelä (Finland), Mia Marin (Sverige), Harald Haugaard (Danmark) og Jorun Marie Kvernberg (Norge).  I tillegg til nye komposisjonar, vil også tradisjonsstoff frå dei nordiske landa bli framført i ny drakt.

Til å leie det heile har festivalen sikra seg svenske Karl-Johan Ankarblom, eitt av dei heitaste namna i Norden når det gjeld arrangering og orkestrering. Han har prosjekt med London Philharmonic Orchestra, BBC Symphony Orchestra og Royal Philharmonic Orchestra Stockholm på CVen, men sjølv for han overgår Førde-prosjektet det meste!

 – Vi seier ganske ofte at ein konsert er «unik», men denne gongen er det verkeleg sant! Det kjem til å gå fleire tiår før nokon lukkast i å samle så mykje spisskompetanse innan den nordiske folkemusikktradisjonen på ei og same scene igjen, seier Ankarblom.

Årets opningskonsert vil vare i 2 timar.  

 
 

Komponistar og solistar:

Mia Marin - fele, 5-strengs fele
Harald Haugaard - fele
Jorun M. Kvernberg - fele
Antti Järvelä - fele  

Solistar:

Olav Luksengård Mjelva - hardangerfele
Berit Opheim - vokal
Lena Willemark - vokal, fele
Ulla Pirttijärvi - vokal
Olov Johansson - nøkkelharpe

Orkester:

Emma Reid - fele
Esko Järvelä - 5-strengs fele
Jonas Bleckman - cello
Kirstine Elise Pedersen - cello
Lena Jonsson - fele
Nina Perez - fele
Emma Ahlberg - 5-strengs fele
Adrian Jones - viola, gitar
Anna Lindblad - fele
Kristofer Sundström - kontrabass
Sune Rahbek - perkusjon

Gudbrandsdølenes Spelmannslag:

Aslak Brimi - fele
Sigrun Dyvik - fele
Selma French Bolstad - fele
Olaug Furusæter - fele
Sigrid Graedler Listuen - fele
Trude Hagaseth - fele
Kari Marte Haugstad - fele
Helene Høye - fele
Gunn Inga Tofsrud - fele
Guro Kjorstad - fele
Thea Marie Ytterdal - fele
Bjørn Kåre Odde - fele
Ingrid Olstad - fele
Johannes Selvaag - fele
Mari Skeie Ljones - fele
Sigrid Stubsveen - fele
Ingeborg Ulberg Sommer - fele
Ingunn Ulberg Sommer - fele
Hallgrim Ulvik Haug - fele
Elise Wessel Hildrum - fele

 

Nordic Sound Folk Orchestra er støtta av:

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Konsertar:

Opningskonsert: Nordic Sound Folk Orchestra
Torsdag 6. juli kl. 19.30
Førdehuset, Idrettshallen

Forrige
Forrige

Molsky’s Mountain Drifters

Neste
Neste

Ole Nilssen