Vi slepper dei første artistane til årets festival torsdag 29. januar! Følg med på facebook, instagram og her på heimesida vår!
-

Benedicte Maurseth - MIRRA
Søndag 22. mars kl. 19.00 | Teatersalen i Førdehuset
Med Mirra tek Benedicte Maurseth og hennar eminente musikarar publikum med inn i villreinens liv og årssyklus på Hardangervidda. Musikken følgjer dyret gjennom årstidene – frå vinter og vår, via sommarbeite, til haust og ny vinter.
-

Folkemusikkonsert og dans med Steinar Rygg, LUDO og Indre Sunnfjord spelamannslag
Fredag 30. januar kl. 20.00 | Festalen i Førdehuset
Steinar Rygg gjev deg slåttearven etter faren, storspelemannen Leif Rygg, før LUDO spelar drivande slåttespel frå Voss og Hardanger! Heilt til slutt dansespel av Indre Sunnfjord spelemannslag!
-

Festivalen heile året
Førdefestivalen si heilårsscene der vi arrangerer konsertar i ulike format åleine eller med samarbeidspartar.
-

VestaFolk
VestaFolk er Førdefestivalen sitt turnéprosjekt der vi sender folkemusikkartistar på turné i heile Vestland.
-

Frivillige
Førdefestivalen har eit stort frivilligapparat. Dei frivillige er sjølve hjartet i gjennomføringa av festivalen.
Fred! er tema for Førdefestivalen 2026
Ting er ikkje som dei skal i verda. Krig, våpenkappløp og konflikt er den nye normalen. Vi ser ei aukande polarisering og eit internasjonalt dialogklima som hardnar til.
Det er då vi må snakke om fred.
“The value of the festival is the careful treatment of important themes and all people. This is unique and hopefully the political stakeholders understand, what kind of jewel Førdefestival is for peaceful life in a todays world.”
— INTERNASJONAL DELEGAT PÅ FESTIVALEN