FØRDEFESTIVALEN TEK MILJØ-ANSVAR

Førdefestivalen tek miljø på alvor, og har sidan 2013 vore Miljøfyrtårn. I Førdefestivalen sin strategiplan for 2020-2024 står det:

Førdefestivalen skal vere eit ambisiøst miljøfyrtårn

  • legge til rette for at tilsette, artistar, frivillige og publikum kan ta miljøvenlege val i samband med våre arrangement

  • unngå å bruke ressursar som skadar eller tærer på miljøet

  • inspirere og legge press på samarbeidspartane og leverandørane våre om å ta klima og miljøspørsmål på alvor

Som Miljøfyrtårn tek Førdefestivalen miljøomsyn på alle område i festivalverksemda: arbeidsmiljø, søppelhandtering, energibruk, transport, innkjøp og estetikk. Målet vårt er å innfri bransjekrava som ligg i Miljøfyrtårn-sertifikatet, og vise at vi møter miljøproblema på ein aktiv måte.

Her er stikkord for miljøfokuset vårt:

  • Vi reduserer produksjon av trykksaker, og det vi trykker vert levert av trykkeri som er miljømerka.Vi kjeldesorterer på alle arenaer.

  • Vi nyttar festival- og sponsorbanner i fleire år, og ved utskifting, vert gamle banner leverte til  andre aktørar for produksjon av berenett, bagar eller andre produkt.

  • Verken festivalen eller festivalen sine sponsorar deler ut strøartiklar.

  • Vi reduserer innkjøp av vassflasker til artistar og frivillige. Alle vert oppmoda om å ha si eiga flaske og fylle vatn frå springen.

  • Vi ønskjer å redusere forbruket, og produserer festival t-skjorter (til publikum) etter bestilling.

  • Vi tilbyr festivalsyklar til frivillige og publikum.

  • Vi har Førdefestivalmat-prosjekt der serveringsstadar vert oppmoda om å tilby kortreist mat under festivalen.

  • Vi brukar ikkje eingongsplast på frivillig-kjøkenet.

  • Vi tilbyr ekstra honorar for artistar som vel å reise kollektivt og ikkje reise med fly.

  • Vi brukar elbilar.

  • Busstransport t/r Førdehuset er inkludert i billettar til konsertar utanfor Førde.

  • Vi har avfallssortering på alle arrangement. Sorteringa er godt merka og lett tilgjengeleg for publikum.