Førdekonferansen 2025 - SPRÅK I SPEL

TORSDAG 3. JULI KL. 09.30-15.30

AMFI EIKAAS, SCANDIC SUNNFJORD HOTEL & SPA

Kulturkonferansen i Førde samlar kunstnarar, akademikarar og språkentusiastar til ei utforsking av språkets kraft og moglegheiter. Med røyster frå inn- og utland løftar vi blikket og ser på korleis språk kan vere ein kulturell berebjelke og ei bru mellom menneske. 

Språk er meir enn berre ord – det er identitet, historie og skaparkraft. På Førdekonferansen 2025 set vi søkelys på språket i spel; i kunsten, i kulturen og i måten vi uttrykker oss på i ei verd i rask endring. Korleis påverkar språk historia, kulturen og vår felles forståing? Korleis vert språk brukt til å skape identitet, men òg til å utøve makt? Kva skjer med språket når det går frå papir til skjerm? Korleis formar teater, musikk og litteratur språket vårt – og omvendt? 

  • Janne Stigen Drangsholt

    PROGRAMLEIAR

    Professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Stavanger og ein suksessrik forfattar, mest kjend for romanane om Ingrid Winter.

  • Grethe Fatima Syéd

    LITTERATURVITAR

    Førsteamansuensis ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Høgskulen på Vestlandet.

  • Marit Paasche

    KUNSTHISTORIKAR, KURATOR OG KUNSTKRITIKAR

    Har skrive fleire bøker om kunst og film. Vann Kritikarprisen for boka Hanna Ryggen i 2017. Aktuell med boka Søvn og lykke.

  • Anna Kleiva

    FORFATTAR OG OMSETJAR

    Ho debuterte med diktsamlinga Ti liknande versjonar i 2011. Kleiva er ein av bidragsytarane i boka «Tunga mi protesterer mot døden».

  • Ingrid Z. Aanestad

    FORFATTAR OG LÆRAR

    Kjend som ein kresen og kompromisslaus forfattar. Ho debuterte som 22-åring med romanen I dag er ein fin dag og er ein av bidragsytarane i boka «Tunga mi protesterer mot døden».

  • Sivert Nesbø

    FORFATTAR OG AKADEMILEIAR

    ved Skrivekunstakademiet. Han debuterte i 2013 med Romanen Skårgangar, og har sidan gitt ut fleire kritikarroste romanar. Førdianaren fekk Målprisen av Førde mållag i 2022.

  • Kirsti Lunde

    STIPENDIAT VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

    Forskar på etablering av og forhandling om skriftnormer i unge sine skrivepraksisar.

  • Solrun Toft Iversen

    TEATERSJEF VED DEN NATIONALE SCENE I BERGEN

    Tidlegare teatersjef ved det Vestnorske teateret, og har vore konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater. Iversen er utdanna dramaturg og har dramatisert, regissert og vore manusforfattar på ei rekkje framsyningar både i Noreg og Danmark.

  • Manu Théron

    MUSIKAR OG SKRIBENT

    Og programansvarleg ved Cité de la Musique i Marseille. Theron har gjennom heile si profesjonelle karriere studert korleis ein kan bevare kulturelle og sosiale praksisar knytt til språkspørsmål gjennom song.

  • Duò Lavoà Lapò

    FRANSK DUO

    Tek vare på oksitansk språk og musikk i Sør-Frankrike.

  • Kjersti Håland

    FORFATTAR, MANUSFORFATTAR, SKRIBENT OG LYRIKAR

    Har vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf i Oslo, har gitt ut fleire lyrikksamlingar og romanar, og har vore manusforfattar for mellom anna TV-serien Lovleg. Ho fekk Målprisen for denne serien i 2019.

Førdekonferansen er støtta av Fritt Ord og Kulturrådet, og er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Sunnfjord kommune, Høgskulen på Vestlandet og Vestland Fylkeskommune. Tekstallianse er samarbeidspart på programpunktet ‘Ord om folkemord’