Personvernerklæring
Dato: 23. mai 2018
-
Eigar av denne nettsida er: Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Førdefestivalen), Angedalsvegen 5, 6800 Førde Tlf: 46 90 50 10. Epost: info@fordefestival.no. Vårt org. nr er: NO 971 364 874
-
I samband med kundeforhold (herunder engasjering av artistar og andre i samband med festivalprogram og andre arrangement) må vi innhente opplysningar som namn, adresse, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
-
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.
-
Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som selskapsnamn, adresse og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, og opplysningar om kva tenester og produkt kunden har avtale om.
-
Førdefestivalen nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.
-
Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.
Eigar: Facebook
Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse marknadsføring på Facebook.
Eigar: Vimeo
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.
-
Ved å melde deg på Førdefestivalen sitt nyhendebrev, samtykker du til at vi lagrar ditt namn og di e-postadresse. Dette brukar vi til å sende ut relevant informasjon om oss og våre produkt. Vi nyttar Squarespace for å handtere utsendingar av e-postar. Førdefestivalen forpliktar seg til å ikkje dele informasjon om deg med andre partar. Informasjonen vil ligge lagra hjå oss inntil til du eventuelt melder deg av nyhendebrevet. Alle våre utsendingar har funksjonalitet så du kan melde deg av med eit klikk.
-
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vår database. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig.
-
All e-post som blir sendt til info@fordefestival.no blir gjennomgått. Relevante epostar vert vidaresende til rett kontaktperson internt på festivalen for vidare handsaming. Aktuelle epostadresser vert lagra så lenge samarbeidet/kundeforholdet med festivalen varer.
-
Det er mogleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medier, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
-
Etter personopplysningsloven § 18 har den enkelte krav på innsyn i dei opplysningar som er registrerte om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Førdefestivalen på epost til info@fordefestival.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige eller ufullstendige, kan ein krevje desse retta i høve personopplysningslova § 27.
-
Dagleg leiar i Førdefestivalen er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på info@fordefestival.no eller 46 90 50 10.