TAKK FOR I ÅR!
Takk til artistar, publikum, frivillige, sponsorar og samarbeidspartar som igjen har vore med å skape den unike Førdefestival-kjensla! I år spelte vi for fred og frå vi starta festivalen med iranske Rastak, fakkeltog og fredsbål onsdag kveld, har vi kjent på eit varmt fellesskap frå alle hald. Å skape fred, forståing og fellesskap gjennom musikalske møte er hjartet i Førdefestivalen, og i år, med eit uroleg verdsbilde som bakteppe, kjendest det viktig å heve røysta for fred. Takk for at akkurat du var med og løfta den viktige bodskapen, og velkomen tilbake 7.-11. juli 2027 til nye magiske opplevingar saman med oss!
GOD SOMMAR!
Fred! er tema for Førdefestivalen 2026
Ting er ikkje som dei skal i verda. Krig, våpenkappløp og konflikt er den nye normalen. Vi ser ei aukande polarisering og eit internasjonalt dialogklima som hardnar til. Det er då vi må snakke om fred.
Konsertar med fleire artistar:
-

OPNINGSKONSERT
TORSDAG 2. JULI i Idrettshallen, Førdehuset
Den store opningskonserten med fleire artistar på scena i storstova er alltid ei heilt spesiell oppleving!
-

KELTISK - OG BORTANFOR
FREDAG 3. JULI i Idrettshallen, Førdehuet
Kinnaris Q og El Pony Pisador på scena, og med langbord, bar og laus snipp er det duka for nok ein topp fredagskveld storstova vår!
-

FØRDES FREDSKONSERT
LAURDAG 4. JULI i Idrettshallen, Førdehuset
I år spelar vi for fred! Då måtte vi også ha vår eigen fredskonsert. Konserten blir leia av Rima Iraki.
-

KLUBB KOMLE på tur & Gasper Nali Band
LAURDAG 4. JULI på Larris Scene og Biblioteket, Scandic
Musikk i to etasjar på ein billett: Bergens eigen folkemusikklubb og babatonifenomenet frå Malawi!
-

NATT PÅ TEATERET
TORSDAG 2. JULI
Teater Vestland, NynorskhusetSaman med Teater Vestland inviterer vi til konsertar, mingling, mat og stemning av beste merke!