Førdefestivalen søkjer
PRODUKSJONSASSISTENT
Har du lyst på erfaring frå ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger? No har du sjansen!
Førdefestivalen søkjer produksjonsassistent til engasjement i perioden mai/juni til 8. juli 2025.
Arbeidsoppgåver:
Oppfølging og gjennomføring av ulike festivalarrangement
Assistere på oppgåver knytt til billett, gjestar og sosiale media
Bidra på frivilligrekruttering og oppfølging
Andre relevante oppgåver i samarbeid med festivalprodusentane
Vi ser etter deg som:
er ryddig, sjølvstendig og strukturert
glad i høgt tempo og blir motivert av å jobbe kollektivt mot felles mål
løysingsorientert og har evne til å halde fleire ballar i lufta samtidig
Erfaring frå festival eller prosjektarbeid er ein fordel.
Festivalen vert arrangert frå 2.-6. juli 2025.Vi søker deg som kan jobbe fulltid frå midten av mai og fram til 8. juli. Du må ha førarkort klasse B.
Viss dette er noko som passar for deg, er det berre å fylle ut skjemaet under.
Søknadsfrist: 21. april 2025
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med produsent Marion Mulelid på epost: marion@fordefestival.no eller tlf: 95771358.
Søknadsskjema produksjonsassistent 2025
Søknadsfrist 21. april 2025