Europeiske stemmer i "Vocal ConneXions"
I ein av dei store konsertproduksjonane er det den anerkjende folkesongaren Unni Løvlid frå Hornindal som får samle eit knippe framståande europeiske vokalistar for å utforske stemmebruk, ornamentikk, melodioppbygging og anna i europeisk folkesong. -Dette ser eg på som ein fantastisk flott sjanse til å få samarbeide med songarar eg har sett opp til i mange år. Førdefestivalen er ein flott arena og ei god ramme for slike prosjekt, seier Unni, og legg til at ho har valt frå øvste hylle når ho har invitert skotske Julie Fowlis, franske Annie Ebrel og bulgarske Gergana Dimitrova (Eva Quartet) til Førde-prosjektet.
Direktør i Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, på si side er strålande fornøgd med å få dette spenstige prosjektet på plakaten. –Her trur eg vi får presentert noko heilt nytt, basert på våre eigne og andre kulturar sine gamle tradisjonar. Ho er også svært glad for å ha fått kunstnarleg leiar for Det Norske Solistkor, Grete Pedersen, til å vere leiar for produksjonen. Her er grunnlaget for ei flott konsertoppleving lagt, meiner ho.