Lunsjkonsert: Noency Mosquera - OBS! FLYTTA INN I KANTINA
Ta fredagslunsjen i kantina på Førde Rådhus i lag med Noency Mosquera og El Bongo de Boyajá!
Dersom du var tilstades på opningskonserten i Idrettshallen så har du kanskje allereie bestilt deg billett til lunsjkonserten med Noency Mosquera, og om du ikkje fekk med deg dette fyrverkeriet torsdag kveld så anbefalar vi deg å ta turen innom Førde Rådhus til lunsj og fargerike colombianske rytmar. For når colombianske Noency Mosquera og bandet hennar spelar opp, vil dei aller fleste berre danse berrføtt og nyte livet!
På menyen står fritanga m/ frijoles & arroz con coco - ein tallerken med steikt kylling, biff og chorizopølse servert med røde kidneybønner, steikte bananer, små urte poteter, ris kokt i kokosmelk & frisk grøn salat. I Colombia er juice som drikke ein selvfølge til lunsjen, her brukar dei å blande mange av sine fantastiske gode frukter, derfor vert det sjølvsagt servert fruktjuice på rådhusterrassen også. Colombia er og kjent for sine svært søte desserter. Berlinerboller vert derfor eit søtt og godt innslag i denne lunsjmenyen.