Offisiell speleliste for Førdefestivalen
Mairerad Green og Anna Massie spelar på Gloppen hotel onsdag 5. juli og i Førde dagen etter.
Direktør Hilde Bjørkum har laga den offisielle spelelista for årets festival. Den ligg på Spotify, så no er det berre å lytte seg gjennom og finne sine favorittar. Sjølv om du ikkje har konto på Spotify, vil du kunne høyre korte smakebitar frå heile lista. Dersom det er artistar der du saknar, er det fordi dei ikkje er tilgjengelege i Spotify, og då kan vi dessverre ikkje gjere noko.
HER er lenkje til spelelista.