Arne Osland ny styreleiar for Førdefestivalen

Arne Osland er utnemnd til ny styreleiar for Førdefestivalen frå 2019. Osland er utviklingsdirektør ved UWC Red Cross Nordic i Flekke, og er utnemnd til styreleiarvervet av Sogn og Fjordane Fylkeskommune for ein periode på  2 år. Arne Osland tek over etter Tone Winje. Ho går av etter eige ønskje.

Motiverande å ta festivalen inn i ny fase

Arne Osland ser fram til å ta fatt på vervet som styreleiar for Førdefestivalen og leie festivalen inn i ein ny fase med den nye direktøren, Per Idar Almås (frå 1. oktober 2018). -Oppgåva blir å vidareutvikle profilen som har vorte skapt dei åra Hilde Bjørkum har vore direktør, seier Osland og han finn det særleg motiverande at festivalen er ein møteplass for lokale musikkuttrykk, med heile verda som horisont. -På det området kjenner eg at erfaringa mi frå UWC kjem til sin rett. Akkurat som Førdefestivalen, er vi i UWC opptekne av å finne fram til og dyrke kvalitet som ikkje er bunde av kommersielle omsyn.

-Førdefestivalen løftar fram musikalske skattar på folkemusikken sine eigne vilkår, og folkemusikk er noko eg har vorte meir og meir glad i både som formidling av tradisjon, men også som ei form som gjev godt rom for innovasjon. Eg er klar til å spisse øyra og vere med på laget og håpar å kunne gjere mitt til å gje Førdefestivalen ei retning.

Arne Osland har master i skandinaviske språk og skandinavisk litteratur frå Universitetet i Oslo, og før han kom til Flekke, var han fleire år lærar ved UWC Atlantic College i UK. Han sit i styret for FN-sambandet og er også med i kommunestyret i Fjaler.

Heile styret

Styret for Førdefestivalen har frå 2019 slik samansetjing: Arne Osland, styreleiar (vara: Liv Judit Straume), Gunn Åmdal Mongstad (vara: Jakob André Sandal), Johan Kåre Kjerstad (vara: Anne Kristin Lilleaasen), Trude Skarvatun (vara: Trond Ueland), Christoffer Knagenhjelm (vara: Magnus Hope), Dagfrid Vallestad Brevik (vara: Oda Heidi Bolstad), Ingrid Heieren (vara: Signe Eimhjellen Mehl).

 

Forrige
Forrige

Irene i Førde: Stor glede å få KOKK HEIM-premie

Neste
Neste

Sigrid Moldestad vil redde musikken ho elskar