Dei frivillige på Førdefestivalen 2020 var ikkje så mange, men dei var allsidige. Takk til Eirin Vasskog Lund og Miriam Førde!

 ❤ EG ER MED ❤

Frivillig på Førdefestivalen 2025

Kvart år er 250 frivillige med på laget, og våre fantastiske frivillige betyr ALT for Førdefestivalen! Den innsatsen de legg ned før, under og etter festivalen gjer at det blir ei magisk stemning i Førde som vi ynskjer å dele med heile verda. Tusen takk for at de er med på og gjere Førdefestivalen til det eventyret den er!

Kvifor vere frivillig?

Fordi det er moro og du får sjå og oppleve festivalen frå eit anna perspektiv. Du vil møte ei mengd folk frå både inn- og utland, dele gleda over musikken og festivalen. Å vere frivillig er nok den beste byttehandelen du kan gjere.

Viss du vurderer å gå inn i rekkja av heroiske menneske som gjerne ofrar nokre timar eller dagar i folkemusikkens teneste, meld deg i skjemaet på lenkja under eller ring frivilligansvarleg Ingebjørg på 918 47 099 for ein festivalprat. 

Kva kan du gjere?

Det trengst folk til desse oppgåvene:

  • Publikumsvertar – for å vise publikum på plass i konsertlokala og registrere publikum på gratisarrangement

  • Billettkontoret – billettseljarar, infomedarbeidar og personar til å skanne billettar

  • Artistservice – vere sjåfør (både vanleg bil og 9-seter), vere artistkontakt og ta vare på ein artist eller vere i artistservice og ta vare på alle artistar og frivillige som treng ei hand

  • Konsertarena – arenaansvarleg, sceneproduksjon, riggarar, vakter, vertskap, blomster/dekorgruppa

  • Informasjon – marknadsføring, distribusjon

Yte og nyte

Dette ventar vi:

  • At du møter presis på vaktene dine

  • Du får årets festival-T-skjorte som er arbeidsantrekket ditt. Når du har på deg denne, representerer du Førdefestivalen. Gjer ditt for at Førdefestivalen blir ei fantastisk oppleving for publikum, gjestar, artistar og dine medarbeidarar.

Dette får du:

  • opplæring og klare arbeidsinstruksar

  • festival-T-skjorte

  • mat når du jobber

  • gratis konsertar

  • attest (på førespurnad)

Godtgjersle

  • Over 4 timar = 1 fribillett

  • Over 8 timar = 2 fribillettar

  • Over 12 timar = 3 fribillettar

  • Over 16 timar = Medarbeidarpass

  • Mat på frivilligkjøkkenet når du er på jobb

  • Opplæring

  • T-skjorte

  • Rabatt på festivalartiklar

  • Frivilligfest for frivillige og artistar på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa søndag 6.juli

  • Rabatt på billettar til Førdefestivalen sine konsertar gjennom heile året

  • Attest for utført frivillig arbeid (henvend deg til oss i etterkant av festivalen)

Fribillettar

På dei konsertane det er ledig kapasitet kan frivillige hente ut fribillettar på billettkontoret i Utstillingsalen, Førdehuset.
Medarbeidarpass gjev moglegheit for fribillettar til alle konsertar under festivalen, så lenge det er ledige plassar.

Det blir programpresentasjon og felles orienteringsmøte for alle frivillige på Førdehuset. Det blir sendt ut innkalling på epost. Fleire av gruppene får i tillegg sine eigne informasjonsmøte.