Førdefestivalen 2019: 30 år utan grenser!

KROKE tilbake til Førde i juli!

Førdefestivalen slepper temaet og dei første artistane for jubileumsfestivalen i 2019. 

Med slagordet ‘Verda kjem til Førde!’ har Førdefestivalen i 30 år vore ein musikalsk smeltedigel mellom fjord og fjell. I alle desse åra har publikum på festivalen fått oppleve musikk og kulturar dei på lag ikkje visst om (eller visste at dei likte). Så godt har dei likt programmet, at dei har kome tilbake år etter år, og vore med å bygge opp ein festivalsuksess det går gjetord om langt utanfor Førdes, ja, landets grenser. -Førdefestivalen har vore tru mot folkemusikkprofilen, og rundt denne har festivalen bygd opp eit svært lojalt kjernepublikum som stolar på kvaliteten og programmet til festivalen, seier Per Idar Almås, som i haust tok over som direktør etter Hilde Bjørkum.

-Med årets tema, 30 ÅR UTAN GRENSER, vil vi feire at Førdefestivalen i 30 år har vore med å bryte ned grenser mellom kulturar og musikktradisjonar i verda, seier Almås, som trur publikum på festivalen har fått oppleve folkemusikken sitt universelle språk, på tvers av kulturelle, geografiske, økonomiske, politiske og religiøse skiljeliner og grenser.

Populære gjensyn på jubileumsgalla

I samband med 30 års-jubileet ville festivalen også gje noko ekstra til publikum, så i desember oppmoda dei følgjarane på Facebook til å komme med forslag på artistar dei ønskjer å sjå tilbake på scena i Førde. -Blant dei mange forslaga som kom inn, har vi valt ut eit knippe jubileumsartistar som i tillegg til eigen konsert, vert presenterte på årets festivalgalla, laurdag 6. juli, fortel direktøren.

TRIAKEL

Den polske stjernetrioen KROKE vart ønskt av mange. -Dei var her i 1998 og 2010, og det blir stor stas å få dei tilbake, seier Almås. Andre jubileumsartistar er svenske TRIAKEL, og det svensk-norske festbandet SVER. Sistnemnde leverte ein fantastisk konsert på den internasjonale bransjemessa WOMEX i oktober. Frå Serbia har vi invitert MARKO MARKOVIC BRASS BAND. Marko Markovic må vel reknast som ein av dei beste trompetistane i verda, og også han var her i 2010, då som ein del av  faren, Boban Markovic, sitt band.

Marko Markovic Brass BAnd klare for Førdetur til sommaren!

Sterke kvinnestemmer

Førdefestivalen fører vidare sine lange tradisjonar med å presentere sterke kvinnestemmer. THE FORBIDDEN ORCHESTRA er fem kvinnelege musikarar frå ulike musikktradisjonar som har slege seg saman for å formidle likskap og musikalsk ytringsfridom.  -Dei faktum at dei spelar på instrument som i utgangspunktet var/er forbodne for kvinner, understrekar bodskapen i prosjektet, fortel Almås, som i tillegg har sikra seg det nyaste og heitaste fadonamnet i verda, SARA CORREIA, til Førde.

Den nye festivaldirektøren har sjølvsagt meir på lager, både av gjensyns-artistar og andre, nye namn. -Jubileumsprogrammet er framleis i støypeskeia, og eg kan avsløre at vi jobbar med eit par sentrale endringar i høve til tidlegare år, avsluttar Almås, som tek sikte på å ha alt i boks til heile programmet skal lanserast torsdag 4. april på Larris Scene i Førde. 

Forrige
Forrige

Medium for hundreårig livsvisdom

Neste
Neste

Irene i Førde: Stor glede å få KOKK HEIM-premie