Strøyming frå EFFE Awards Salon i Brüssel

Otava Yo leverte ein fantastisk konsert på Festplassen!. Foto: Espen Stensvoll

Torsdag 26. september er Førdefestivalen til stades på EFFE Awards Salon i Brüssel, nærare bestemt i BOZAR, Center for Fine Arts Brüssel. Her vil 150 festivalarrangørar, kulturinstitusjonar, offisielle representantar og den internasjonale juryen i EFFE vere samla for å feire europeiske festivalar. Førdefestivalen er blant dei 25 nominerte festivalane som kan motta ein pris. Nominasjonane er gjort blant over 700 festivalar i Europa, så dette er prisar som heng høgt. Ein annan norsk festival er nominert, Festspillene i Bergen.

EFFE - Europe for Festivals, Festivals for Europe - er eit prosjekt i regi av European Festivals Association (EFA), og er støtta av Europakommisjonen og Europaparlamentet.  

Prisseremonien vert strøyma direkte via EFA si facebookside:

Livestreamed on the EFA Facebook Page

NÅR: 26 September 2019 | 15:00 - 19:00
KVAR: BOZAR, Center for Fine Arts Brussels

Forrige
Forrige

GJEV INTERNASJONAL FESTIVALPRIS TIL FØRDEFESTIVALEN

Neste
Neste

Stem oss fram til europeisk festivalpris