Kongeleg heider til Hilde Bjørkum
Leiaren av Førdefestivalen gjennom mange år har fått Kongens Fortenstmedalje for innsatsen.
Tildelinga er ei påskjøning for arbeidet Hilde Bjørkum har gjort, og det engasjementet ho har synt, for kulturen generelt og folkemusikken spesielt, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Utmerkinga får ho fyrst og fremst for innsatsen som kunstnarleg og administrativ leiar av Førdefestivalen i mange år. Bjørkum har vore ei drivkraft bak etablering og utvikling av denne festivalen, som under hennar leiing har vakse til å bli den største i sitt slag i Skandinavia. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EEFE award, som ein dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Mykje av det Bjørkum har gjort må reknast som nybrotsarbeid. Med kreativitet, pågangsmot og stor gjennomføringsevne har ho skapt nye møteplassar for utøvande folkemusikarar frå inn- og utland. Ikkje minst har Bjørkum lagt til rettes for formidling av musikken til nye publikumsgrupper og medverka til større respekt og auka interesse for denne delen av kulturen både i media og samfunnet elles. Ho har markert seg som svært kunnskapsrik og kvalitetsbevisst, fast forankra i den sterke folkemusikktradisjonen, men òg strategisk dyktig til å utvikle festivalen i takt med tida.
Hilde Bjørkum har dessutan lagt ned ein stor innsats på fritida, som aktiv utøvar av folkemusikk og dans, som instruktør og med tillitsverv i mange ulike organisasjonar. Som utøvar har ho særleg markert seg i dans, der ho saman med dansepartnaren sin har gått heilt til topps på Landskappleiken tre gonger, og vunne ein Kongepokal.
Den formelle utdelinga av medaljen til Hilde Bjørkum er sett på vent inn til vidare, på grunn av den spesielle korona-situasjonen i samfunnet.