Førdehuset – ei storstove for framtida
Av Per Idar Almås, direktør, Førdefestivalen
Kommentaren er publisert i Firda tysdag 6. april.
Det har dei siste vekene gått ein debatt her i Firda om korleis Førdehuset kan og bør utviklast inn i framtida, og kva rolle huset skal fylle. Debatten er aktuell no når Teater Vestland har vedteke å flytte inn i det nye Nynorskhuset saman med Firda og NRK (Til lukke med veldig spanande satsing!).
Me i Førdefestivalen har nytta høvet til å spele inn nokre forslag til kommunen som skal ta dette arbeidet vidare. I våre auge må målet vere å igjen gjere Førdehuset til det beste og mest spanande kultur-og idrettsbygget mellom Bergen og Ålesund. At kultur og idrett har sameksistert i dette bygget i så mange år, er eit kjempegrunnlag å byggje vidare på.
Som leigetakar i Førdehuset med kontorlokale i huset og med Førdehuset som hovudarena for den årlege festivalen sidan byrjinga i 1990, har me gjort oss mange erfaringar med bruken av huset og tankar om korleis Førdehuset kan utviklast.
Med alle sine ulike arenaer, kafe, mingleområde inne og ute har Førdehuset vore ein viktig suksessfaktor for Førdefestivalen, som i 2019 vart kåra til ein av Europas fem beste festivalar uansett sjanger av European Festival Association.
For festivalen - og andre arrangørar - er det viktig at det ikkje er lydgjennomgang mellom ulike salar, slik at konsertar, kino og andre arrangement kan gå parallelt utan å forstyrre kvarandre. Den nye kulturskulen vegg i vegg eit verdifullt tilskot, med tilgang på nye arenaer og øvingsrom.
Når Førdehuset no skal riggast for framtida, meiner me i Førdefestivalen kommunen har høve til å styrke huset sin posisjon med tanke på store arrangement - og små:
Publikums- og mingleområdet må omformast for at trafikken mellom dei ulike delane skal flyte betre.
Kaféen må moderniserast så den blir ein innbydande møteplass for folk i alle aldrar. Kafékulturen har for alvor kome til byen, og no er det kanskje på tide med ein ekte bibliotek-kafé?
Prioriter biblioteket! La biblioteket få den plassen dei treng for å bli eit moderne bibliotek med rom for alle dei aktivitetane dei etter kvart tilbyr - og sjølvsagt med leseplassar for studentar og elevar
Teatersalen blir ‘ledig’. Kva med å bygge den om til svartboks, med større fleksibilitet for konsertar, dans, kino, gjestesteater?
Lage atelier for lokale kunstnarar og dei som driv med ulike typar husflid.
Legge til rette for at lokale arrangørar kan ta på seg nasjonale idrettsarrangement og kulturarrangement, som til dømes landskappleikar og landsfestivalar. Slike arrangement har vore gjennomført i Førdehuset tidlegare, og det må kunne skje også i framtida.
Det er mange ulike leigetakarar innom huset gjennom året. I mine auge er det supert at ein kan ha idrettsarrangement på nasjonalt toppnivå, konsertar i verdsklasse, kino og bibliotek under same tak. Ved å ta dei rette grepa, vil Førdehuset framleis vere ein møteplass for alle generasjonar. Der me går på utstillingar, kino, tek familien med på bading, følgjer handballaget sine treningar, les ei bok i bibliotekkafeen, og rett og slett treffer kvarandre.
Det skjer mykje spanande i arrangørbyen Førde no, med Nynorskhuset, ny storsal på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, fast utescene utanfor Elvetorget og takduken på Festplassen. Og så treng me Førdehuset som eit samlande fyrtårn i tillegg til dette. Kombinasjonen idrett og kultur har aldri vore noko problem i Førdehuset, og vil heller aldri bli det. Førdehuset er ein del av identiteten vår, og skal vere Førde si storstove også i framtida. Me må stelle oss slik at huset blir ein stad det skjer noko, og der det er godt å vere - for alle.
Per Idar Almås