Musikalsk rundreise på kortreist gallakonsert
Som alltid byr festivalgallaen på varierte smakebitar frå ei mangfaldig verd av tonar og tradisjonar. Årets festivalgalla tek oss med til Austersjøkysten, Irland, Hedmarken, Zimbabwe og Sunnmøre, utan å krysse ei einaste landegrense.
Opningskonserten og gallakonserten er dei største produksjonane under Førdefestivalen. Her får publikum møte ei rekke ulike artistar og musikk frå ulike verdsdelar. Musikarane som skal på scena under årets festival er meir kortreiste enn vi kanskje er vane med, men musikken dei har med seg, kjem frå både andre fylke og andre kontinent.
Konferiansier for kvelden er Kari Slaatsveen, for mange ei velkjend radiostemme etter 25 år i NRK. Med sin sjarmerande humor vil ho leie oss på vår musikalske rundreise.
Bjørnblakken (Hedmarken)
Musikarane i Bjørnblakken er alle svært ettertrakta runddansmusikarar frå Innlandet og Trøndelag, og hovudrepertoaret er den elegante storgardsmusikken frå Hedmarken. Dette er dansbart, dette er rått, og dette er ualminneleg morosamt.
Bjørn Kåre Odde - fele
Ole Nilssen - trekkspel
Ronny Kjøsen - trekkspel
Jon Amund Karusbakken - kontrabass
Geir Byre - gitar
Busi Ncube band (Zimbabwe)
Sibusisiwe Ncube, betre kjent berre som Busi Ncube, kjem med autentiske rytmar frå Zimbabwe. I opphavslandet fekk ho gjennombrot med songen True Love, som blei ein av dei mest populære songane i Zimbabwe nokon sinne. Zimbabwe har ein særs rik musikktradisjon, som omfattar fleire språk, rytmemønster, vokaltradisjonar og tallause instrument. Sidan debuten då ho var 19 år, har Busi Ncube etablert seg som ein av dei leiande artistane i Zimbabwe, og ein viktig ambassadør for dei rike musikktradisjonane i heimlandet.
Busi Ncube - vokal, mbira, gitar
Kristin Sevaldsen - saksofon
Antonio Torner - trommer
Gaute Storsve - gitar
Petter Barg - bassgitar
Henrik Mosnes - keyboard
Frikar (Norge)
Frikar er kjende for si grensesprengande utforsking av den norske folkedansen, ikkje minst den akrobatiske, maskuline lausdansen. I år kjem Frikar til Førdefestivalen med nye spørsmål: Kva kan ei kvinne vera? Kva skjer med kjønnsrollene i den norske folkedansen når kvinna i 2020 får spela begge rollar og ta dei heftigaste “karstykka”? Under gallakonserten får publikum ein smak av framsyninga SKAUT, der koreograf Hallgrim Hansegård og fem medskapande dansarar fokuserer på tematikken rundt tildekking, avdekking og kontroll av kropp.
Sara Enger Larsen - dans
Ornilia Percia Ubisse - dans
Anita Vika Langødegård - dans
Sigyn Åsa Sætereng - dans
Maren Hjertø - dans
Hallgrim Hansegård - koreograf
Kviven duo (Nordfjord/Sunnmøre)
Kviven er fjellet som skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre, så Kviven duo var eit naturleg namneval når Hornindals-felespelaren Britt Pernille Frøholm og Volda-Romsdalingen Jorun Marie Kvernberg gjekk saman for å formidle nye og gamle slåttar frå dette området. Samspelet er friskt og førsteklasses, enten dei kastar seg ut i drivande springarar - eller ein roleg vals, rytmisk reinhelder eller var folketone.
Jorun Marie Kvernberg - fele, hardingfele, vokal og harpeleik
Britt Pernille Frøholm - fele, hardingfele
Anders Lillebo Trio (Norge/Shetland)
Anders Lillebo trudde det var jazzpianist han skulle bli, men så vart han forelska. På ein folkemusikkfestival i Irland fall han pladask for folkemusikken på øya. Kort etter flytta han til Irland der han budde to år i det yrande musikklivet i Galway. Her fekk han studere og spele med nokre av dei beste folkemusikarane i Irland. Til Førde kjem han med trioen sin, som for dette høvet har to nye medlemmer, Kevin Henderson på fele og Ronny Kjøsen på piano.
Anders Lillebo - trekkspel
Kevin Henderson - fele
Ronny Kjøsen - piano
Novgorod (Norge/Austersjøen)
Novgorod gjev oss musikken frå låge trebyar ved Østersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana i lågblokkene frå etterkrigstida. Dei kjem med den fyrrige musikken som rann ut frå cabaretlokalet, som flaut opp frå dansebana ved elva - og valsane, verdas vakraste. Novgorod hentar fram denne musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk og sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!
Gabriel Fliflet - trekkspel, vokal
David Chelsom Vogt - fele, vokal
Kristoffer Chelsom Vogt - kontrabass, vokal
Jørgen Sandvik - gitar, vokal