Sparebanken Sogn og Fjordane ny hovudsponsor

Gunn Aase Moldestad, Per Idar Almås, Marianne Kleppe Nordal og Elin Aaland - etter signeringa av den nye sponsoravtalen mellom Førdefestivalen og Sparebanken Sogn og Fjordane.

 

Førdefestivalen, største festivalen i Skandinavia for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, får Sparebanken Sogn og Fjordane som hovudsponsor.

– Dette kjennest veldig rett. Det er noko med å samarbeide med ein lokalbank som har hovudkontor i Førde her som vi også har vår hovudarena. Eg har veldig trua på dette samarbeidet, seier Per Idar Almås, direktør i Førdefestivalen.

Sponsoravtalen er på tre år og inkluderer også gåvemidlar som skal gå til konkrete prosjekt. I 2021 er gåvemidlane blant anna øyremerka til BarneFolk og VestaFolk.

VestaFolk er ei ny satsing som skal skape folkemusikkturnéar i Vestland fylke. Satsinga går ut på å gjere det enklare for små og mellomstore arrangørar rundt om i fylket å få til konsertar ved å tilby ferdige produksjonar til reduserte kostnader.

BarneFolk er eit nytt konsept, og der målet er å nå ut til nye målgrupper med folkemusikk og verdsmusikk. I samarbeid med distriktsmusikarar og kulturskulane, ønskjer Førdefestivalen å auke opplevingstilbodet med lågterskeltilbod som konsertar, kurs og eigne framsyningar for barn. 

Utvikle kvarandre

–  Vi er veldig glade for å få Førdefestivalen som samarbeidspartnar, og for oss er det kjekt at dei skapar aktivitet også utanom sjølve festivalveka. Det skjer noko gjennom heile året for ulike målgrupper, og det er viktig for oss, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i  Sparebanken Sogn og Fjordane.

Årets tema for festivalen er HEIME. Det betyr at alle artistane er busette i Norge, men mange av dei har to heimland. Temaet peiker også på at heime er der vi alle har vore mest det siste året, og at heimekjensla både er universell og individuell.

–  Vi føler at vi er komne litt heim når vi får Sparebanken Sogn og Fjordane som sponsor. Vi hadde nemleg banken som sponsor for ein god del år sidan også, så no gler vi oss til sjå kva vi kan finne på i lag, utvikle samarbeidet og utvikle kvarandre, seier Marianne Kleppe Nordal, økonomi og sponsorsjef i Førdefestivalen.

Krevjande festivalplanlegging

Kva sommaren byr på av aktivitet er framleis uvisst. Men festival blir det, og programmet blir sleppt 25. mars.

–  Vi planlegg tre ulike utfall. Eit optimistisk scenario med 500 publikum, eit midt på treet-opplegg med 200 publikum og eit pessimistisk scenario med publikumsgrense på 50, forklarer Almås.

Han held fram:
–  Vi har mykje støtte både frå fylkeskommune, kommune og sponsorar, så vi må strekke oss langt for at noko skal skje. Vi må begynne å normalisere kulturlivet, og vi vil at folk skal føle at det er trygt å kome til oss. Er det nokon som kan å skape trygge arenaer, så er det vi som arrangerer dette i profesjonell samanheng.

– Eg trur vi alle lengtar etter å få oppleve litt kulturelt påfyll no. Vi er glade for at det blir Førdefestival til sommaren, og håpar sjølvsagt vi kan få det optimistiske utfallet. Vi gler oss i alle fall til å vere med som sponsor og å skape aktivitet, seier banksjef Elin Aaland.

 
Forrige
Forrige

Kjær folkemusikktrio på første VestaFolk-turné

Neste
Neste

VestaFolk - ny turnésatsing i Førdefestivalen