Mahsa og Marjan Vahdat
Persisk vokalkunst
Søstrene Mahsa og Marjan Vahdat er eit fenomen innan persisk vokalkunst, og har gjort persisk songtradisjon kjent over heile verda. Med songutdanning frå persiske meistrar og studier ved universitet i Teheran i botnen har dei utvikla songen til eit personleg og sterkt møte mellom aust og vest. Tekstane er kjend persisk poesi av Rumi og Tahereh Ghorattolein. I musikken finst det element som minner om flamenco, kurdisk song og sigøynar-tradisjon.
Fordi dei er kvinner, forbyr iransk lov (sidan 1979) dei å opptre offentleg i heimlandet, men dei er desto oftare å høyre i resten av verda. Dei har delteke på Kirkelig Kultverksted sitt album «Lullabies from the Axis of Evil» og skapt oppsiktsvekkjande utgjevingar som «Songs from a Persian Garden», «I am Eve» og «Twinklings of Hope» (nominert til Independent Music Awards i 2012). Mahsa har samarbeidd med den amerikanske soulartisten Mighty Sam McClain, SKRUK og Tord Gustavsen. Sidan 2007 har ho vore ambassadør for Freemuse, ein uavhengig internasjonal organisasjon som kjempar for ytringsfridom for musikarar, komponistar og artistar. I 2010 vart ho tildelt Freemuse sin årlege pris. Marjan har nettopp gjeve ut soloplata «Blue Fields».
I Førde får du høyre dei to uttrykksfulle persiske stemmene saman med eit knippe musikarar dei fleste berre kan drøyme om, både frå Iran og frå Norge. Det ligg til rette for ei sjeldan vakker og stemningsfull oppleving.
Mahsa Vahdat vokal
Marjan Vahdat vokal
Pasha Hanjani ney
Atabak Elyasi setar
Ali Rahimi daf
Nils Økland fele
Sigjørn Apeland tangentinstrument
Gjermund Silset kontrabass