Catrin Finch & Seckou Keita

Wales og Vest-Afrika i virtuost harpemøte

Catrin Finch og Seckou Keita sitt samarbeid på harpe og kora har kanskje vore ein større suksess enn nokon kunne drøyme om. Plata deira Clychau Dibon (2013) toppa det meste av spelelister for verdsmusikk, og både platemeldingar og konsertomtalar er fulle av lovord. I tillegg kjem internasjonale prisar som fRoots’ Critics Poll Album of the Year, Songlines’ Best Cross-Cultural Collaboration Award 2014, og to nominasjonar i BBC Radio 2 Folk Awards 2014.

Catrin Finch frå Wales er verdskjend harpist, og spelar med dei leiande klassiske orkestra i verda. Men ho skiftar leikande lett til andre musikkformer, til dømes gjennom samarbeid med koraspelaren Toumani Diabaté frå Mali, colombianske Cimarrón (Førdefestivalen 2010), og no altså Seckou Keita frå Senegal. Han er fødd inn i den kongelege Keita-slekta og dei velkjende Cissokho-griotane, og er kjend frå samarbeid med onkelen Solo Cissokho og djembemeisteren Mamady Keita, samt at han også spelar med Salif Keita og Youssou N’Dour.

Dei kjem frå ulike musikktradisjonar, men står likevel i ein stor felles tradisjon av musikalsk forteljarkunst frå kvar sine heimland. Og i den felles musikken deira vever dei musikalske trådane seg inn i kvarandre til ein besnærande og vakker vev, der den eines musikalske uttrykk går over i den andres  og til slutt smeltar saman til noko heilt nytt. I møtet mellom Mandinka-rytmar, Wales-strofer og hypnotiske strenge-improvisasjonar oppstår Musikk med stor M. 

 

 “This, I suspect, will be remembered as one of the classic concerts of the year…magnificent” Robin Denselow, The Guardian *****

 "something quite different.. a really intriguing collaboration... it works so beautifully together – a beautiful album." Mark Radcliffe, BBC Radio 2

www.catrinfinchandseckoukeita.com

 

The success of Catrin and Seckou’s debut album and their exhilarating live performances is attributed to the pair’s innate understanding and an infectious onstage chemistry. Despite Catrin coming from a classical background and Seckou unable to read music, they’ve found a huge amount of common ground and draw on their diverse traditions and transform them with remarkable synergy; Mandinka rhythms mix effortlessly with Welsh tunes, with hypnotic improvisations from both in a set which is at once exhilarating and mesmerising. Impossible to pigeon-hole, their music blurs the boundaries between world music, classical, folk and traditional genres.

 
 

Konsertar:
 

Forrige
Forrige

Bjørkås Kvintett

Neste
Neste

Danse, sa fela! - Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet