Sandum Trio

Dansemusikk rett frå hjartet!

Trioen er fersk, men dei har alt spelt inn si første plate, Sandum Trio, som vart spelemannsnominert i 2015! Ikkje rart, for dette er musikarar som kvar for seg og i andre konstellasjonar har lange folkemusikk- og gamaldansmerittar. Med ny glød leverer dei  tre dyktige musikarane tradisjonsmusikk frå Ottadalen og Trøndelag i friske og elegante arrangement tilpassa gamle instrument. Dei er også glade i å lage eigne låtar, som sjølvsagt får plass i repertoaret. Sandum Trio er ekstremt glade i å spele til dans og publikum elskar å danse når desse tre dreg i gang sin glade gamaldansmusikk.

Øyvind Sandum - torader, einrader
Rikke van Ommeren - torader
Ronny Kjøsen - trøorgel, melodica, harmonium

 

Sandum Trio is a new trio on the music scene in Norway, although the three musicians are all well known from other ensembles and also as soloists for many years. They already released their first album, named after the trio, which was nominated for the Norwegian Grammy in 2015. Sandum Trio simply loves to make people dance.

 

 

Konsertar:

Forrige
Forrige

Rajery Trio

Neste
Neste

Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola