Fiddlers’ Bid
Fiddlers’ Bid er eit forrykande band som held i hevd den rike feletradisjonen frå Shetland. Sidan 1991 har deira tette og heftige spelestil gjeve dei eit stort internasjonalt publikum. Dei fire felespelarane i front er blant dei beste Shetland kan by på: Chris Stout, Kevin Henderson, Andrew Gifford og Maurice Henderson, og med seg har dei den dynamiske harpisten Catriona McKay, eit kraftfullt akkompagnement gjennom gitaristen Seán Óg Graham og toppbassisten Neil Harland. Musikken deira er som ein tornado; det er vilt, virtuost og vakkert på ein gong. Både einskildmedlemene i gruppa og bandet har motteke ei rekke prisar, som «Best live Act», «Scottish Folk Band of the Year» og «Album of the Year», og har turnert internasjonalt i mange år.
Som kjent høyrde Shetland tidlegare til Norge, og framleis er det tette band. Hovudstaden Lerwick ligg nærare Bergen enn Edinburgh, og mange namn på Shetland stammar frå Norge. Slik også med musikken, her er klar slektskap mellom deler av den norske og shetlandske tradisjonsmusikken. Så her er det berre å kle seg til fest og møte «slekta»!
«Om du ikkje får bakoversveis av desse, bør du sjekke pulsen din» (Glasgow Herald)
Fiddlers˚ Bid are internationally respected as leading exponents of their rich fiddle tradition and are global ambassadors for Shetland. Since forming in 1991, they have established an identity as a unique band with a harmonious and symphonic sound developed though many years of playing together.