Pilar Astola

Pilar Astola vaks opp i Sevilla, i El Tardón, eit nabolag som har fostra mange store flamenconamn i byen. Som dotter av den kjende tyrefektaren Rafael Astola og dansaren Pilar Vargas, var det tidleg eit faktum at Pilar Astola også skulle bli kunstnar. Etter å ha dansa sidan ho var 6, tok ho sine første profesjonelle dansesteg på El Patio Sevillano alt som 16 åring. Ho dansa klassisk ballett og flamenco, i byrjinga som dansar i Maria Pagés’ Compañía. Maria Pagés vil mange hugse frå ei fantastisk danseframsyning med under Førdefestivalen i 2013. I løpet av karrieren har Pilar Astola dansa i dei store ensembla i Spania, og har hatt ein verdsomspennande karriere, mellom anna er ho superkjendis i Japan. I dag har ho sitt eige flamenco-ensemble som dansar på dei store scenene og i kjende TV-show i inn- og utland.  Det skal både år og modning til for å bli ein god flamencodansar, og Pilar Astola har også utvikla sin eigen stil, både som songar og dansar, og i dag er ho kanskje betre enn nokon gong. Det er berre å glede seg!

 
Pilar Astola
- dans
Javier Allende Aparicio - vokal
Oscar Alberto Guzmán Falconi - gitar
Pablo Núñez Banda - perkusjon
Rafael Cremades Morales - produsent

 


Pilar Astola is a flamenco dancer and singer from Seville. Her childhood unfolds in an artistic exceptional environment that she lives at home, as daughter of the great bullfighter Rafael Astola and the dancer Pilar Vargas. She started to take dance lessons at the age of six. 16 years old she starts her professional career, joining María Pagés’ Ballet. Pilar Astola has performed solo, with her own different ensembles or with the prestigious flamenco ensembles in Spain. She is now established with her own company, touring the big venues all over the world. She sings, dances, recites, always with a style of her own, in the flower of youth and artistic maturity.

 


Konsertar:

Forrige
Forrige

Peyo Peev

Neste
Neste

Piotr Pucylo