Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek & Roswall

Ulrika Bodén er ein allsidig songar, musikar og låtskrivar. Med si uttrykksfulle stemme vert ho rekna som ein leiande folkesongar i Sverige, og opptrer som solist både innan folkemusikk og i andre sjangrar. Viser frå Ångermanslän går som ein raud tråd gjennom Ulrika Bodén sin musikk. Viser ho har lært av den eldre generasjon i heimtraktene sine. Her ferdast ho stadig på jakt etter nye tonar å vekke til live. 

Til Førde kjem Ulrika med favorittmusikarane i trioen Alberg, Ek & Roswall. Emma Ahlberg spelar også på Ulrika Bodén si kritikarroste plate Kärlekssongar som kom ut i 2013. Daniel Ek på harpegitar og Niklas Roswall på nyckelharper har samarbeidd med Bodén i mange år, både i gruppa Ranarim og i fleire andre samanhengar.

Ahlberg, Ek & Roswall har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest spennande aktørane på den svenske folkemusikkarenaen. Dei er kjende for eit glitrande samspel, fantasifulle arrangement og eit stort og variert repertoar. Musikken deira har innslag av både pop og barokk, det er store klangvariasjonar, og ikkje minst – det svingar skikkeleg!

Når Ulrika Bodén og AER står saman på scena, kan du vente deg ein konsert med klokkeklar og sterk song, og mykje energi. Det blir musikk både frå Ulrika Bodén og AER sitt repertoar – og nokre viser spesielt for konsertane under Førdefestivalen. At desse fire elskar å spele i lag, kan du ikkje unngå å legge merke til!


Ulrika Bodén - song, autoharpe, herjedalspipe
Emma Ahlberg - fele
Daniel Ek - harpegitar
Niklas Roswall - moraharpe, nyckelharpe


Ulrika Bodén has her roots in Helgum and the songs of Ångermanland lie close to her heart. With her expressive style of singing she is regarded as one of Sweden’s foremost folk singers, and is engaged as both soloist and with her bands in Sweden and abroad. In Førde she plays with some of her favorite musicians – and one of the leading trios at the Swedish traditional music scene: Ahlberg, Ek & Roswall. 


Konsertar:

Forrige
Forrige

ULLA PIRTTIJÄRVI & ULDA

Neste
Neste

Villniss: Årstidene