Casuarina
Brasilianske sambameistrar
Frå den unge kvintetten starta for 16 år sidan i bohem-bydelen Lada i Rio de Janeiro, har Casuarina etablert seg som ei av dei mest respekterte sambagruppene i Brasil. Musikken er ei blanding av lokale sambatradisjonar, eigne komposisjonar og gamle samba-klassikarar frå Brasil sine mange offisielle sambaistar; dei godkjende samba-komponistane. I byrjinga spelte dei konsert kvar veke i lokalområdet sitt. På den måten bygde dei seg publikum og popularitet. Og Casuarina sin friske versjon av tradisjonell «roda de samba» vart etter kvart ei konsertoppleving alle berre måtte få med seg.
På sin veg har Casuarina plukka med seg prisar og nominasjonar for beste album og beste sambagruppe, og framfor alt er dei hylla for si evne til å fornye sambatradisjonen, og gjere den tilgjengeleg for den yngre garde. Casuarina har turnert i meir enn 20 europeiske land, Nord-Amerika og Asia, og no får har du sjansen til høyre dei på norsk jord, i Førde!
Gabriel Azevedo - perkusjon, vokal
Joao Cavalcanti - perkusjon, vokal
Joao Fernando - mandolin
Rafael Freire - cavaquinho
Daniel Montes - gitar