Titi Robin Trio

Foto: Louis Vincent

 

Virtuos strengekunstnar og improvisator.

I meir enn 30 år har Titi Robin late seg inspirere av sigøynarkulturen og arabiske kulturar. Han har surfa på den utømmelege poetiske bølgja som fløymer frå foten av India gjennom Sentral-Asia og til breiddene rundt Middelhavet. Men musikken til Titi Robin er så mykje meir enn ønskjet om å sameine uttrykk frå fleire musikklandskap og -stilar til eit nytt uttrykk. Gjennom musikken sin uttrykkjer Titi Robin sider ved livet vi menneske ofte har vanskeleg for å snakke om; Den handlar om sjela sitt ensame liv; våre sanne kjensler; korleis kjærleiken påverkar oss; den vanskelege lærdommen om korleis vi skal leve liva våre; den voldsomme kjensla, av og til farga av vold, av og til farga av alt det vakre i verda, som kan fylle kvar og ein av oss.

Franske Titi Robin er ein musikkpersonlegdom av dei sjeldne. Han komponerer og spelar gitar, oud og bouzouki, og har ei endelaus rekkje av komposisjonar og musikkprosjekt på samvitet. Han er ikkje spesielt oppteken av musikalske sjangrar, Titi Robin sitt hjarte brenn rett og slett for musikk - og improvisasjon.  

"I do think Titi Robin is one of the world's great musicians and visionaries."
Charlie Gillet, BBC-London, 2009
"Titi Robin is probably one of the best known French composer musician in the crossover world music style." Eelco Schider, Folkworld
 
 

Titi Robin - oud, gitar, bouzouki
Alex Tran - perkusjon
Francis Varis - trekkspel
 

 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 18:30
Hagefest på taket: Titi Robin Trio
Takterrassen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

søndag 9 jul 2017 17:30
Titi Robin Trio
Klokkargarden, Dale i Sunnfjord


Forrige
Forrige

Tinariwen

Neste
Neste

Vrang