Dizu Plaatjies & Ibuyambo
Sør-afrikanske rytmar for alle
Dizu Plaatjies er son til ein ekte tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla i si tid den legendariske gruppa Amampondo. I 15 år turnerte han med dei på festivalar og store scener på alle kontinent, og oppnådde stor kommersiell suksess både i USA og Europa, i tillegg til heimlandet. Etter Amampondo-perioden gav Dizu Plaatjies ut eit par soloplater, der han miksa ulike musikkstilar, både tradisjonelle og moderne, vestlege og afrikanske.
I heile sin karriere har Dizu Plaatjies søkt utvikling og inspirasjon i nye samarbeidsprosjekt. Dette har ført til samarbeid med musikarar på innan jazz og techno, men på scena med bandet Ibuyambo, handlar det mest om musikk med røter i Afrika, og særleg musikk som har røter i Xhosa-tradisjonen. Musikarane kler seg i tradisjonelle, fargerike klede frå ulike stadar i Afrika, brukar kroppsmåling og spelar tradisjonelle afrikanske instrument som mbira, ulike fløyter, ugandisk harpe og antilopehorn.
Dizu Plaatjies & Ibuyambo skal ha konsertar og kurs i Førde, og vil heilt sikkert setje farge på byen vår dei dagane dei er her.