FINN BROM – MED BENTE & STEIN
Bente, Stein og ein bamse som heiter Brom
Bente og Stein reiser rundt land og strand, saman med bamsen Brom. Bamsen får oppleve mykje - alt frå å besøke han Ola på garden med mange dyr, til det å gå på jakt, høyre på fuglekvitter, sove og til slutt danse (for det hjelper mot kløe). Stein og Bente brukar folkemusikk i blanda nokre kjende barnesongar. Dei spelar fløyter, langeleik, hardingfele, vanleg fele, harpe - syng og fortel historier. Innimellom, medan dei to vaksne er opptekne med musikken og historien, lurer Brom seg av stad på eiga hand.. Han stikk rett og slett av og gøymer seg, og då må alle - små og store - vere med å leite etter han.
Bente Hemsing er utdanna fiolinist og musikkvitar og jobb som kulturskulerektor med å vere frilans musikar.
Stein Villa er ein allsidig musikar med eldre folkemusikkinstrument og folkeviser som spesialitet. Han arbeider som tradisjonsmusikkarkivar og formidlar på Mjøsmuseet.
Bente Hemsing – fele og mykje anna
Stein Villa – fløyter, langeleik, harpe og mykje anna