Otava Yo

 

Ganske sprø gladmusikk frå den russiske landsbygda

Otava Yo forvandlar tradisjonelle russiske folketonar til livleg gladmusikk og gjev oss eit glimt inn i livet på den russiske landsbygda. Her er det kjærleik, fest, vemod og villskap i ein slags surrealistisk harmoni. Dei leikar med tradisjonelle, nasjonale instrument som gusli, Zhaleika og fele, og med utgangspunkt i tidlause russiske folketonar tek dei musikken vidare til det dei omtalar som «russisk-gotisk rhythm and blues».

Målet deira er vise at russisk folkemusikk slett ikkje er så dyster som folk ser ut til å tru. Ikkje berre har dei teke verda med storm med ultraprofesjonelle konsertar, dei lagar også musikkvideoar som slår det meste. Den eine, Sumetckaya, nærmar seg 24 mill visningar på You Tube.  

Otava Yo spelte så taket på idrettshallen formeleg løfta seg sist dei var i Førde (2015), og det er all grunn til å tru at det blir topp stemning og spektakulære scener når dei no kjem tilbake - og har med seg to spreke, akrobatiske dansarar, som handterer tømmerstokkar som om det skulle vere kosteskaft. Dette har du aldri sett i Førde før!

Belkin Alexey - sekkepipe, gusli, zhaleika
Skosyrev Aleksei - elektrisk gitar, vokal
Sergeev Petr - basstromme
Shikhardin Dmitrii - fele, vocal
Nikiforov Denis - perkusjon
Telegin Vasilii -  bassgitar
Lina Kolesnik - fele, vocal
Antipov Denis - dans
Bokov Segei - dans

 

Konsertar:

Laurdag 6. juli kl. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser
Idrettshallen, Førdehuset  

Laurdag 6. juli kl. 15.30 Otova Yo
Festplassen, Førde

 
Forrige
Forrige

Norayr Kartashyan & Menua

Neste
Neste

Perler av elde