SARA CORREIA

 

Ny stjerne på den portugisiske fadohimmelen 

Sidan Sara Correia var lita har ho sunge i dei mest kjende fadohusa i Lisboa. Ho sleppte si første plate i 2018, med tittelen Sara Correia, med songar ho har sterke band til. -Eg ser meg sjølv i historiene desse songane fortel, og songane er også med på å definere meg som fadosongar. Difor valde eg å sjølv-titulere plata, seier ho.

I familien hennar er det fadosongarar i fleire generasjonar. Eg byrja å synge som ganske liten, minnest ho. -Eg var 13 då eg vann The Grande Noite de Fado de Lisboa. Då forstod eg for alvor kva eg ville bruke livet mitt på: Fado.’ -Å synge i fadohusa er heilt avgjerande for meg. Det er obligatorisk. Her får du overlevert tradisjonane, og du lærer å bruke stemma di og utvikle identiteten din som songar. Kveld etter kveld syng du som det gjeld livet. Alle dei store fadosongarane i dag, og opp gjennom historia, har ‘funne seg sjølv’ i eit fadohus.

Akkurat no er Sara Correia sitt namn på alle sine lepper i Portugal. Hennar formidling av historiene kjærleik, kjensler, lengt og glede, den portugisiske folkesjela og livet i Lisboa har gjort ho til allemannseige i heimlandet. Ei ærleg fadostemme.

Sara Correia - vokal

Diego Clemente - akustisk gitar

Jose Marino de Freitas - akustisk bassgitar

Pedro Oliveira - portugisisk gitar

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde
Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 5. juli kl. 19.30 Sara Correia
Idrettshallen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Samurai Accordion

Neste
Neste

Sarah Jane Summers & Juhani Silvola