The Forbidden Orchestra
Fem musikarar - fem uttrykk
Eitt mål - musikalsk ytringsfridom
Fem sterke og briljante artistar, heilt utanom det vanlege, har slege seg saman. Dei vil utforske ulike musikalske retningar, spreie tanken om likskap og sameine folk gjennom musikk.
The Forbidden Orchestra er ein raus og open oase der ulike musikktradisjonar møtest og inspirerer kvarandre.
Dei kvinnelege musikarane bryt musikalske normer ved å spele på instrument som i utgangspunktet er forbodne for dei. Gjennom sterke, personlege historier og sterke ønskje om å formidle fred og ytringsfridom, skaper dei konsertar fulle av glede, sorg - og suggererande og grenselause rytmar.
The Forbidden Orchestra vart først presentert og produsert av Andreas Unge som ein del av hans Artist in Residence i Vara Konserthus i Vara i Sverige.
Emilia Amper - nøkkelharpe, vokal
Liliana Zavala - perkusjon, vokal
Nadin Al Khalidi - mandolin, saz, bass, vokal
Sousou Cissoko - kora, vokal
Simona Abdallah - perkusjon