Alexander Aga Røynstrand

Foto Knut Utler

 

Alexander Aga Røynstrand frå Granvin i Hardanger kan smykke seg med tittelen meisterspelemann, etter at han for eit par år sidan sikra seg kongepokalen på Landskappleiken i A-klassen for hardingfele. Røynstrand er solid forankra i den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og er kjend for drivande felespel og framifrå formidlingsevne. På repertoaret står både gamle og nye slåttar.

I tillegg til kappleikssigrar og kongepokal har Alexander motteke Øivind Berghs minnepris i 2010 og medverkar på plata «Granvin» saman med Knut Hamre og Åse Teigland. Han er også mykje nytta som læremeister og inspirator på kurs for born og ungdom, og har virke som lærar på hardingfele i Hardanger.

 

Konsert:

Fredag 9. juli kl. 12.30-13.10

Tett på: Alexander Aga Røynstrand

Sørsalen, Sunnfjord kulturskule

 
Neste
Neste

Anders Lillebo Trio