Olav Mjelva og Kevin Henderson

 

Olav Mjelva og Kevin Henderson er felespelarar av internasjonalt format. Mjelva frå Røros, og Henderson frå Shetland, men gift norsk og no busett i Kragerø.

Kevin Henderson byggjer sitt musikalske uttrykk på den rike feletradisjonen frå Shetland, og er inspirert av tida i Boys of the Lough, Fiddlers Bid og Session A9. Han held framleis kontakten med desse gruppene, men har dei siste åra lagt trykket aller mest på Fiddlers Bloc. Her har han saman med Olav Mjelva og Anders Hall skapt ein eventyrleg suksess både her til lands og internasjonalt. Vi hugsar vel alle både konserten på Festplassen og avslutninga gallakonserten under Førdefestivalen for nokre år sidan!

Olav Mjelva har lenge vore ein av våre leiande felespelarar, og aktuell i fleire konstellasjonar, som duoen Rydvall/Mjelva, SVER og altså med Kevin Henderson i Nordic Fiddlers Bloc. Han har vunne både Spellemannpris, Folkelarmpris og kappleikssigrar. Olav Mjelva er også primus motor for Røros Folk Festival, og koronaåret har han brukt til å skape eit folkemusikkakademi på nett, med instruksjonsvideoar for dei om ønskjer å lære av dei beste folkemusikarane rundt i verda.

Columbi Egg på Larris Scene blir ein fin stad å vere fredag kveld!

 
 

Konsert:

Fredag 9. juli kl. 22.30 Columbi Egg

Larris Scene, Scandic  

Forrige
Forrige

NOWOR

Neste
Neste

One Way Out