Abu Adonaba

 
 
 

Nagila - dei dansande kyrne

Har du sett ei ku danse? Då Abu var liten, passa han oldemora sine kyr i landsbyen i Ghana. Han tok dei med ut på slettene så dei kunne ete gras. Nokre gonger dansa kyrne. Abu spelte musikk, og kyrne dansa. I Ghana har kyr nemleg sin eigen musikk og dans, Nagila heiter den, og betyr kudans. Kan du danse som ei ku?

Abu Adonaba er frå Ghana i Vest-Afrika. Han vaks opp med musikk og dans som ein del av kvardagen, og det var aldri nokon tvil om at han hadde eit medfødd talent for dette. Som 20-åring var han med i det nasjonale danse-ensemblet, Ghana Dance Ensemble, som dansar og koreograf. Han var også med i danse- og trommegruppa Odehe Dance Company.

Adonaba spelar fløyte, rytmeinstrumentet asluatua og dei tradisjonelle afrikanske trommene kroboto og lung. Han er også ein del av det nye Vestland Sound Machine, der ghanesiske trommetradisjonar møter elektronisk musikk. I over 20 år har Abu Adonaba hatt base i Bergen, men er velkjend i heile landet for sine mange musikk- og danseverkstadar, konsertar og framsyningar på festivalar, i skular, barnehagar og verksemder. Kvar veke har han kurs for born og unge på Bergen Internasjonale Kultursenter.

Abu Adonaba  - aslatua, fløyte, kroboto

Stephen Ososno - aslatua, kroboto

Marianne Adonaba - lung, kroboto

  

Arrangement

Onsdag 6. juli kl. 16.30 Ut på tur, aldri sur!

Sersjantløa, Sunnfjord Museum

 Alder: frå 3 år - Sjølve framsyninga varer ca 35 min

 
Forrige
Forrige

Mariana Sadovska, Drevo og Dyvyna

Neste
Neste

Akselsen/Carstensen/Kvernberg