Iberi Choir
Frå kyrkjekonsert til supra med georgisk mannssong
The Iberi Choir har teke namnet sitt frå det gamle namnet på Georgia, landet som ligg ved foten av dei mektige Kaukasusfjella. Koret vart etablert i 2012, av den tidlegare rugbyspelaren Bidzina Murgulia, og har som visjon å løfte fram den unike fleirstemde songtradisjonen i Georgia. Kledde i sine svarte frakkar og støvlar, framfører dei alt frå drikkeviser til salmar, arbeidssongar og historiske balladar. Dei har utvikla sin heilt spesielle stil der dei improviserer tette og til tider uvanlege harmoniar på virtuost vis. Iberi legg sjela si i kvar tone, og får fram både dramatikk, ekstase og det ømme. Ein del av songane vert akkompagnerte på tradisjonelle instrument, og rett som det er viser dei seg også som gode dansarar. Sidan debuten i 2012 har spelt på dei store festivalane i heile verda, og det er ei glede å presentere dei for første gong i Norge.
Iberi Choir har to konsertar på festivalen - ein kyrkjekonsert der publikum får eit religiøst repertoar, og søndag ettermiddag gjer dei ein såkalla SUPRA-konsert, på Fjordamattunet, der du sit til bords med songarane, og får servert georgisk mat laga av georgisk kokk her i Sunnfjord. SUPRA er ein georgisk festtradisjon som Iberi Choir nett har teke inn i sitt konsertrepertoar. Konserten er koret sin andre supra-konsert utanfor Georgia, og det heiter seg at det er Førdefestivalen sin første direktør, Hilde Bjørkum, som har overtalt manageren av koret til å gjere slike konsertar også internasjonalt.
Dei gjorde det med stor suksess på Womad i Australia, og no er det altså Sunnfjord sin tur.