Ole Nilssen

 

Kreativ og nyskapande folkemusikar og folkedansar

​Ole Nilssen spelar trekkspel og durspel, og er ein markant og nyskapande utøvar på den norske folkemusikkscena. Gjennom studiar hjå ei rekkje ulike læremeistrar og eigen fordjuping i eldre note- nedskrifter og historiske lydopptak, har han tileigna seg eit breitt repertoar av både bygdedans- og gammaldansmusikk frå Hedmarken. Dei siste åra har han også arbeidd med durspel-tradisjonen i Sogn.

​Nilssen er også ein av våre fremste folkedansarar med fleire topplasseringar både på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk saman med dansepartnar Solveig Brekke Hauknes. Han held jamleg dansekurs i både tradisjonsdansar og i folkeleg danseteknikk. Dei siste åra har han medverka i danseframsyningar, i teaterframsyningar, på skulekonsertar og som produsent.  

Nilssen har bachelor i utøvande folkemusikk frå Norges Musikkhøgskole og arbeider til dagleg som distriktsmusikar i folkemusikk ved Sunnfjord kulturskule.

 

Arrangement

Torsdag 7. juli kl. 16.00 Polskurs med Ole Nilssen

 

Fredag 8. juli kl. 10.00 Polskurs med Ole Nilssen forts. 


Forrige
Forrige

Nakibembe Xylophone Troupe

Neste
Neste

P.A. Røstads orkester