ÁŠŠU

 

Olav Torget og Ulla Pirttijärvi i Áššu

 

Áššu baserer musikken sin på tradisjonell samisk joik. Finske Ulla Pirttijärvi Länsman joikar slektningane sine og heimstadane sine Utsjoko og Angeli. Norske Olav Torget og Helge Norbakken kompletterer lydbildet med strengeinstrument og perkusjon. Trioen hentar også inspirasjon frå tradisjonar og rytmar i Vest-Afrika og musikken varierer frå rolege og flytande atmosfærar til det rytmiske og raske låtar.

Áššu gav ut albumet med same namn i 2019. Om plata seier Ulla Pirttijärvi Länsman:

Med dette albumet ønskjer eg å presentere familiejoikane mine og joikane til dei som har hatt mykje å betyr for meg. Joikane er ein del av familieidentiteten min. Dei er tradisjonelle joikar frå heimstadane mine Angeli og Utsjoki, der eg no bur. Nokre av joikane er frå samiske bygder og joikar som gjev uttrykk for eit samisk utsyn på verda. Plata skal gje ein moderne kontekst til den tradisjonelle joiken, og det enkle og akustiske uttrykket understrekar kjenslene og historiene i joikane.

Ulla Pirttijarvi Länsman – tradisjonell joik
Olav Torget – barytongitar, oilcan gitar, afrikansk konting
Jakob Janssøn – perkusjon (konserten i Balestrand)
Kenneth Ekornes - perkusjon

 

Arrangement

Onsdag 6. juli kl. 20.00 Assu

Sognefjord akvarium


Torsdag 7. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Musikk i kriser

Idrettshallen, Førdehuset


Fredag 8. juli kl. 17.30 Assu

Teatersalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Akselsen/Carstensen/Kvernberg

Neste
Neste

Asta Busingye Lydersen