Ali Doğan Gönültaş Trio
Tradisjonsberaren frå Aust-Anatolia
Kurdiske Ali Doğan Gönültaş er fødd i Kiğı, i Aust-Anatolia, der tradisjonar og historie først og fremst vert overførte gjennom musikk. Med ei uttrykksfull stemme og drøymande komposisjonar, formidlar han dei mange rytmane og språka som er spesifikke for dei anatolske/mesopotamiske busetingane. Etter 10 års feltarbeid kom den kritikarroste debutplata Kiğı (2022), med musikk frå dei siste 150 åra i heimbyen hans. Slik vert denne spesifikke tradisjonen teken vare på for ettertida, sjølv om minna falmar.
Ali Doğan Gönültaş er fødd i Kiğı i Aust-Anatolia i Tyrkia. Han har studert arkeologi og radio, TV og film ved Kocaeli-universitetet og starta sin musikalske karriere i bandet Ze Tijê, eit postrockband med to plateutgjevingar bak seg og hundrevis av konsertar i Tyrkia, for det aller meste med Gönültaş sine komposisjonar. Parallelt med å lage musikk for film og tv-produksjonar har Ali Doğan Gönültaş drive grundige feltstudiar på musikktradisjonane i heimbyen Kiğı. I meir enn 10 år har han studert det spesifikke musikalske språket og stilen til ei anatolsk/mesopotamisk busetjing. Desse grundige studiane av musikalske kjelder og tradisjonar har resultert i albumet Kiğı (2022). Albumet har fått sternekritikkar, og Ali Doğan Gönültaş har fått sitt internasjonale gjennombrot. Med si uttrykksfulle stemme og drøymande melodiar og tek han oss med til Kiğı si 150 år gamle musikalske historie.
Ali Doğan Gönültaş - vokal, gitar og tembur
Firat Cakilci - klarinett
Ali Kutluturk - perkusjon