Bab L' Bluz

Foto: Basma Mansour

 

Heftige og moderne gnawa-rytmar

Fronta av ei afrikansk-marrokansk kvinne i ei tradisjonelt mannleg rolle har Bab L’Bluz via seg til ein haldningsrevolusjon som er heilt i tråd med Marokko si ungdomsrørsle “Nayda”. På rekordtid har Bab L’Bluz vorte eit topp internasjonalt konsertband, med stor suksess på festivalar over heile verda, og debutplata deira, nettopp med namnet Nayda!, vart topplista i musikkmagasina Mojo og Songlines. Året etter vann dei Songlines Award i kategorien fusion.

Fransk-marokkanske Bab L’Bluz (som ordrett tyder ‘porten inn til bluesen’) oppstod i 2018 i Marrakech. Dei er inspirerte av gnawa- og hassani-tradisjonar, og kombinerer desse med moderne rytmar frå rock og marokkansk populærmusikk.

Bab L’Bluz er eit resultat av at den marokkanske song-gitaristen Yousra Mansour og den franske gitaristen/produsenten Brice Bottin møtte kvarandre i Marrakech tidleg i 2017. Dei var begge skikkeleg hekta på gnawa, og bestemte seg for å ta fellestimar for å lære seg å spele guembri, det tradisjonelle marokkanske strengeinstrumentet. På kort tid hadde dei komponert 10 låtar, alle med røter i det analoge musikkuniverset frå 60- og 70-talet. Musikken er både gammal og aktuell, funky og rytmisk, og drive av arabiske tekstar, svevande vokal og basstunge grooves.


Yousra Mansour

Brice Bottin

Moulay Brahim Terkemani

Mehdi Yachou

 
 

Arrangement

7. juli kl. 22.30 Daniel Lazar – Phantasmagoria

/ Bab L`Bluz / DJ Nefertiti

Larris Scene, Scandic

 
Forrige
Forrige

Azada

Neste
Neste

Benedicte Maurseth – Systerspel