Mahsa Vahdat og Kajsa Balto - Lysning
Kajsa Balto og Mahsa Vahdat. Foto: Jannik Abel.
Eit musikalsk håp om lysare tider
Mahsa Vahdat frå Iran og Kajsa Balto med røter frå Sápmi kjem begge frå kulturar som feirar sola og lyset si livgjevande kraft. Lyset sin påverknad på naturen – og sjølve livet. For samane er naturen noko som vert forvalta med tanke på komande generasjonar. Jorda, fjellet, sola, lyset – alt har sjel, og feiringar og ritual er knytt til denne energien.
Sola, beaivi, er ei heilt sentral kraft i samisk mytologi. Bålet gjev lys og varme i mørketida, og har ein viktig plass i arktisk kultur. Folk samlast rundt bålet. Kokar kjøt eller kaffi, og røyken held myggen borte om sommaren. Eldstaden, árran, vert sett på som heilag. Etter gammal samisk tru, budde gudinna Sáráhkka under den.
I den persiske kulturen er sola og lyset eit bilde på naturen si motstandskraft og speglar mennesket si trassige evne til å halde ut i kampen for fridom, overvinne motgang og reise seg etter nederlag. I Iran feirar dei nyttår når dag og natt er like lange, og dei tenner bål for å kvitte seg med gamle ting. Dei feirar det nye livet i naturen – og for mennesket. Dette og mykje meir er bakgrunnen for eit inderleg musikalsk møte mellom to sterke kvinnestemmer. I Lysning formidlar Mahsa Vahdat og Kajsa Balto songar som kanskje kan gje oss kraft og håp i ei verd som synast å stå på eit vippepunkt mellom mørke og lyse krefter.
For deg som ønskjer å utforske persisk song, har du ein gylden sjanse når Mahsa Vahdat også held songkurs under festivalen.
Framsyninga er produsert i samarbeid med Riksscenen. Produsent er Erik Hillestad. Visuelle element ved Jannik Abel.
Mahsa Vahdat – vokal
Kajsa Balto – vokal
Emre Sinanmis - duduk
Aleksander Sjølie – gitar
Gjermund Silset - bass
Kenneth Ekornes – perkusjon