Sommarkurs i folkemusikk og folkedans for deg mellom 9 og 18!
Send familien din på festival, eller på tur i den flotte Sunnfjordnaturen, og bli med på UngLåt. Her vert det kurs i folkedans, hardingfele, fele og trekkspel. I tillegg vert det fellesøkter, med dans, leik og moro, og sjølvsagt hentekonsert. UngLåt er staden for å møte nye vener, lære nye triks på instrumentet ditt eller på dansegolvet, oppleve Førdefestivalen og få minne for livet!
Instruktørane er blant dei beste som er å oppdrive her til lands, og fleire av dei møter du att som artistar på Førdefestivalen.
Dans: Tone Ingvaldsen
Trekkspel: Kristina Bjørdal
Hardingfele: Irene Bjørke, Håkon Høgemo, Alexander Røynstrand.
Fele: Johanne Mjøs, Jo Einar Janssen
UngLåt er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Sogn og Fjordane folkemusikklag og Hordaland folkemusikklag.