Tilbake til alle arrangementer

Sarah Camille Trio

  • Larris Scene Storehagen 2 Førde (kart)
 

Denne konserten er ein del av Kunstveka i Førde, frå 21.-24. september. Dersom du kjøper festivalpass til kunstveka får du 20% på denne konserten.

Det er også rabatt for frivillige og BOB-medlemer.

Rabatten kjem opp når du går går til billettkjøp.

Intim og grenselaus musikk

Førdefestivalen har som mål å presentere musikktradisjonar frå andre kulturar, ikkje berre på festivalen om sommaren, men også resten av året. Når vi 21. september presenterer songaren og poeten Sarah Camille, tek vi turen til det franske øyparadiset Martinique i Det karibiske hav, der ho har røtene sine på morssida. Sarah Camille lanserer si tredje plate i Kulturkirken Jakob i slutten av september, men før det får vi i Førde ein forsmak på det nye materialet. Som ‘oppvarming’ til konserten på Larris Scene, spelar Sarah Camille med sjølvaste KORK i Oslo.  

Sarah Camille har eit særeige uttrykk og ei utstråling som treffer både hennar unge og vaksne publikum. Med sin nære og varme vokal formidlar ho undrande tekstar på norsk – og innimellom på morsmålet fransk – og blir støtta opp av elegante og rytmiske arrangement. Musikken er mjuk og leiken, og ligg tett opp til både vise, jazz og folkemusikk.

Med albumet Spor av dråper og røde nebb vann Sarah Camille Spellemannprisen for beste barneplate i 2020. Året etter kom albumet Vingeslag, og no er ho klar med sitt tredje album som har tittelen våkner i en annen dag. Saman med musikarane sine, Jørn Erik Ahlsen Alkanger og perkusjonisten Sidiki Camara kjem ho til Larris Scene med musikk frå alle dei tre platene. -Vi tre spelar mykje saman, men har aldri hatt konsert i Førde. Det blir veldig stas, seier dei, og ønskjer deg velkomen til musikk som opnar seg mot dei små augeblikka, nyansane og undringa.


Sarah Camille Osmundsen – vokal

Jørn Erik Ahlsen Alkanger – gitar

Sidiki Camara – perkusjon

SAGT OM:

«Det er en spesielt god symbiose mellom Alkanger og Camara, siden Alkangers akkordprogresjoner på gitaren ofte omsettes med en perkusjonsaktig bruk av fingerspill – plinker og ploinker som støtter opp om melodien til Camille. Denne teknikken, i tandem med Camaras fingernemme og stødige bruk av sin djembe, gir stjernedryss av lyder som formidler låtene i en intim og samtidig lystig tone. Lett svaiende i setet er vi i publikum helt mottakelige for lyrikken som presenteres.» Elisteinar Tenga. (Ballade)

«...Sarah Camille er nemlig en sterk historieforteller som fortjener å bli lytta til - ofte og lenge...» Tor Hammerø (Nettavisen, terningkast 5)

«...Det er i våre opplevelser av bevegelse, nærhet og tilhørighet at Sarah Camille opererer...» «...en særdeles vakker affære...» Elisteinar Tenga, (Ballade)

 
 
 
 
 
Forrige
Forrige
5. mars

Norstoga og Reistad gjer Hartvig Kiran

Neste
Neste
8. november

Carpe diem - flamenco med Bellali Austria