Hjelp oss å utvikle festivalen!

Førdefestivalen feirar 35 år i 2025, og jobbar no med ny strategiplan for neste
fireårsperiode. I den samanheng ønsker vi å høyre frå dykk som er interessentane våre om kva som er viktig for dykk, og korleis festivalen kan jobbe for å halde oss relevante og attraktive også dei neste 35 åra.

Vi håpar de vil hjelpe oss med å svare på nokre få spørsmål.

Spørsmåla vert behandla anonymt.

På førehand tusen takk!

Svarfrist: 26.november