Hilde Bjørkum tildelt Sogn og Fjordane sin Fylkeskulturpris for 2015
Full av kunnskap, med store visjonar og med stor teft, har Hilde Bjørkum bygd opp ein av dei sterkaste kulturmerkevarene i Sogn og Fjordane. Sidan starten i 1990 har Førdefestivalen sett Førde og Norge på festivalkartet. Tysdag 24. november kom den gledelege bodskapen at ho for dette arbeidet er tildelt Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane for innsatsen sin. I sin karriere har Hilde Bjørkum hatt fleire viktige verv både nasjonalt og internasjonalt, og i dag sit ho som leiar i Norske Festivaler. Fylkeskulturprisen vert delt ut tysdag 8. desember.
Her er hovudutvalet for kultur si grunngjeving for utdelinga:
Hilde Bjørkum har sidan starten i 1990 bygd opp Førdefestivalen til ein av dei sterkast kulturmerkevarene fylket har i dag. Bjørkum har klart å kombinere kunstnarleg utvikling og suksess med fast økonomisk og administrativ styring. Ho har reist verda rundt for å lære, gjere festivalen kjend og kvalitetssikre artistane som kjem til Førde. Hilde Bjørkum har meistra alle sider ved det å drive ein festival, frå planlegging og etablering til drift og utvikling. Det er ikkje mange leiarar av norske kulturinstitusjonar som kan vise til slike resultat. Bjørkum har heile tida satsa på kvalitet. Målet har vore å utvikle ein sjangerfestival med tydeleg profil.
Å skape ein festival for dei musikalsk nysgjerrige. Ho har heile tid hatt mot til å fornye og presentere musikk og dans på nye måtar og arenaer, frå det intime til det storslåtte og spektakulære. Både Førde og nabokommunane blir nytta som arenaer for konsertar. Gjennom tallause prosjekt har ho løfta fram den lokale tradisjonsmusikken og gitt mange unge folkemusikarar frå fylket rom til å utvikle seg til profesjonelle utøvarar. Som direktør har ho markert seg nasjonalt og internasjonalt, og mellom anna vore president i organisasjonen «European Forum of Worldwide Music Festivals» og medlem av ekspertkomiteen for EU sitt «Culture 2000-programme». Ho har også vore medlem i fagutvalet for musikk i Norsk kulturråd. Ho vart oppnemnd som medlem til styret for Norges Musikkhøgskule i 2014. I 2006 fekk Hilde Bjørkum heidersprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans. Prisen går til personar som har utmerka seg med stor innsats av nasjonal verdi for folkemusikken og folkedansen.