Førdefestivalen resertifisert som Miljøfyrtårn
Det har gått tre år sidan Førdefestivalen vart sertifisert som Miljøfyrtårn, så i haust var tida koma for å ta ny gjennomgang av alle rutinar for å bli resertifisert. Denne gjennomgangen viste seg å gå utan problem av noko slag, så etter kort tid kom meldinga frå Stiftinga Miljøfyrtårn, og vi fekk Miljøfyrtårn-sertifikat for 3 nye år!