Tone Winje ny styreleiar for Førdefestivalen

Tone Winje - Foto: Theodor Karlsen

Tone Winje er oppnemnt som ny styreleiar for Førdefestivalen for perioden 2017–2018.

– Det er ein særs kompetent kandidat som no tek over styreleiarvervet for Førdefestivalen etter Kristin Hille Valla, som har vore styreleiar sidan 2009. Vi i utvalet er svært glade for at ho tok utfordringa, seier leiar i hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Mykje kulturerfaring

– Eg har eit hjarta som bankar for festivalen, seier Tone Winje sjølv om kvifor ho valde å takke ja til vervet.

Winje har hatt fleire sentrale stillingar og tillitsverv i norsk musikk- og kulturliv dei siste 30 åra. Ho har m.a. vore innom musikkforlag, NRK, Norges Musikkhøgskole og Rikskonsertane. I perioden 2011–2015 var ho direktør for Festspillene i Nord-Norge. Deretter har ho vore seniorrådgjevar i Norsk Kulturråd. 1. januar 2017 tek Winje over som rektor ved kulturskulen i Moss.

I tillegg til Winje, har hovudutval for næring og kultur også oppnemnt Ivar Svensøy og Gunn Åmdal Mongstad som styremedlemmer for festivalen for denne perioden. Resten av styremedlemmene vert oppnemnde av Førde kommune (eitt medlem) og representantskapen for festivalen (tre medlemmer). 

Forrige
Forrige

Døgeniktenes debatt på Førdefestivalen / FolkJazzScena 24. januar!

Neste
Neste

Førdefestivalen resertifisert som Miljøfyrtårn