Programendring II: UT PÅ TUR, ALDRI SUR FLYTTAR UNDER TAKET I PARKEN
Vërmeldingane for onsdag 3. juli melder så mykje regn at vi har valt å flytte UT PÅ TUR, ALDRI SUR-arrangementet til parken på Festplassen. Der blir vi under det nye taket som er på plass.
NYTT TIDSPUNKT: kl. 17.00 (onsdag 3. juli)
NY ARENA: Parken på Festplassen
Sidan det blir lite gåing, blir det eit litt kortare arrangement, som byrjar kl. 17.00 med barneframsyninga til Jens Linell. Etter konserten blir det diverse leikar og aktivitetar i regi av Barnas Turlag.
Vi kan jo ikkje anna enn beklage at vèret ikkje spelar heilt på lag i år, men desto betre å ha eit tak å flytte alt inn under. Dette blir første festivalarrangement under det nye taket i parken.